Maritim21-strategien overlevert

Torsdag 27 januar fikk fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overlevert den nye Maritim21-strategien. Den ser på teknologi- og forskingsmoglegheiter innan grøn skipsfart og digitalisering.

– Noreg er ein av verdas største skipsfartsnasjoner. Ny kunnskap om grøne og digitale maritime løysingar er viktig for ein naudsynt omstilling av maritim næring. Regjeringa vil legge fram ein pakke for grøn omstilling for skipsfarten som skal kutte utslepp, skape arbeidsplassar og vidareutvikle den komplette maritime verdikjeda som Noreg er alene om å ha. Eg håper Maritim21-strategien vil gi oss gode innspel til korleis vi kan utvikle grøn skipsfart som ein del av det grøne industriløftet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Målet med den nye strategien er å stimulere til forsking, utvikling og innovasjon som bidrar til berekraftig vekst og verdiskaping, auka konkurranseevne og eksport frå maritim næring.

Om strategigruppa Maritim 21

  • Strategigruppa for Maritim21 er samansett av representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO. Gruppa vart oppnemnd våren 2021.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 07.40 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.